Største fisk 2017    

 Største predator 16/17

 Største laks 9,6  
 Tyngste rev 7,82 kg 
 Største aure 1,5  
 Tyngste mår 1680 gr 

Fiskereglar for Vikja

  1. Fisk under 35cm skal setjast ut at.
  2. Fisket skal vera bevegeleg. Ingen fiskar kan okkupere ein fiskeplass meir enn 10 min. når andre ventar på tur.
  3. Som ny fiskar i hølen, skal du alltid starte fisket ditt ovenfor dei som er i gang med fiske.
  4. Vis respekt og omtanke ovenfor naturen. Kast ikkje søppel.
  5. Betalt fiskekort og fisketrygdavgift skal alltid vera med når du fiskar.
  6. Det er ikkje tillatt å fiske på ein slik måte at fisk blir krøket. Fisk som krøkes skal avlivast. Dersom fisk blir krøket og dette skyldast fiskeutstyret eller måten fiskeutstyret er brukt på, skal dette fisket straks opphøyre.
  7. Det kan fiskast med maks fem stenger i Osen.
  8. På strekningen brua-Osen;Vestsida er flugesone der det er høve til å fiske med 2 flugestenger.
    Austsida er det høve til å fiske med 2 stenger dersom det ikkje fiskast på vestsida.
    Dersom det er 3 eller fleire stenger på vestsida, er det ikkje høve til å fiske på austsida.
    Dersom det vert fiska med 2 stenger på vestsida, kan det fiskast med 1 stang på austsida.
    Dersom det vert fiska med 1 stang på vestsida kan det fiskast med 2 stenger på austsida.
    Aust og vestsida skal rullere med fiskestart rett nedanfor brua. Fisketid frå brua til Osen er 20 min.
  9. Alle fiskarar må vise omsyn til kvarandre.
  10. Det er fiskefreding i heile elva mellom kl.12.00 til kl. 16.00.
  11. Du skal parkere på merka parkeringsplass.
  12. Junior fiskarar opptil 13 år må bruke redningsvest og ha med seg myndig person.
  13. Alle som fiskar, skal uoppfordra levere fangstrapport og skjellprøve av fiskentil Vik Jakt- og Fiskelag.
  14. Brot på desse reglane kan medføre inndragning av betalt fiskekort og utestenging frå fiske seinare
  15. Maks 3 fisk pr fiskedøgn (kl16.00-12.00), og maks 20 fisk pr sesong.
    Dette gjeld vill laks og aure, ikkje rømt oppdrettslaks.
  16. Det er kun lov å nytte maks 1 kroksett/enkel krok pr redskap.

 VIKTIG! Skjellprøvar skal leverast på all fisk.

Viktig å oppgi om fisken er fettfinne klipt, ryggfinne klipt eller evnt. andre merker. Skriv namnet ditt på baksida av skjellprøve konvolutten.

 

Ekstra informasjon