Største fisk 2017    

 Største predator 16/17

 Største laks 9,6  
 Tyngste rev 7,82 kg 
 Største aure 1,5  
 Tyngste mår 1680 gr 

 Predator konkurranse jaktsesongen 2015/16

Start 01.04.15 – 15.03.2016

 Vik Jakt -og Fiskelag ynskjer å starta ein konkurranse om kven som er den beste rovdyrpredatoren i Vik kommune. Konkurransen er for medlemmar i Vik Jakt- og Fiskelag. Meld deg inn og vinn flotte premiar.

Jakt og fangst på rovvilt kan vere ein spennande og interessant fritidsaktivitet. Dette vil kunne gje eit betre livsgrunnlag for rype, skogsfugl, hare og andre dyr i naturen. I tillegg ivaretek ein gamle fangstradisjonar. Pris på skinn har gitt betre prisar dei siste åra. Med ein generell god pelsmarknad er det håp om endå høgare prisar.

I løpet av hausten 2013 vil VJF prøva å få til kveldar der ein kan læra om jakt, fangst og pelsing av vilt.

Vilt Jakttid Poeng
Skjor 10.08 - 28.02 10
Kråke 15.07 - 31.03 10
Nøtteskrike 10.08 - 28.02 10
Ravn 10.08 - 28.02 30
Røyskatt 21.08 - 15.03 20
Mink 01.04 - 31.03 20
Mår 01.11 - 15.03 50
Raudrev 15.07 - 15.04 50


Framvising av vilt må skje fortløpande og innan 2 veker, ikkje samla mot slutten av jaktåret. Oppdatering av felt vilt vil bli lagt ut på heimesida vår. Framvising skal skje til Øystein Vangsnes Voll, Preben Lunde eller til Egil Rune Andersen.

For fuglevilt vil høgre fot samlast inn og på pelsvilt klør på venstre framfot.    

Vangsnes:        Øystein      - 95 11 08 72

Feios:              Preben:      - 47 89 21 90

Vik:                 Egil Rune:  - 99 59 71 55

Framfjorden:    Arve:         - 91 53 41 92

Fresvik:           Ole Morten - 90 95 99 63


1. Premie    - Mest poeng: Verdi kr. 2000,-

2-3. Premie - Tyngst rev og tyngst mår. Verdi 2 x kr. 1000,-

4-5. Premie - Loddtrekning frå deltakarane i konkurransen. Verdi 2 x kr. 500,-

 

NB! Vik beitelag betalar i tillegg ut kr. 600.- i skotpremie for kvar felt rev. Vik kommune registerer antall rever for Vik beitelag.

uten navn1

 

Ekstra informasjon